Kvam Kino

Informasjon om kinoen

Bilde av Kvam kino

Velkomen til Kvam kino !

Kvam kino er kommunal og ligg i Norheimsund. Kinoen opnar 30 min før kvar framsyning.

Det vert selt billettar på nett, og du kan velja seteplassering i salen. Du kan og lasta ned appen eBillett for å kjøpa billett, eller kjøpa direkte på nettsida.

BILLETTINFORMASJON:

Billettprisar:

  • Barn ( under 15 år) kr 80,-
  • Honnør kr 100,-
  • Vaksne kr 110,-

Alle billettar til framsyningar som startar kl 19 00 og seinare kostar kr 110,-. Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Honnørbillettar og barnebillettar kan berre kjøpast til framsyningar før kl 19 00.

Sal av billettar:

Det vert førehandsselt billettar på nettsida og appen eBillett. Ledige billettar vert selde i billettluka. Ved billettkjøp vel kjøpar ledige plassbillettar.

Ledsagarbevis:

Kinoen aksepterer ledsagarbevis. Den som har ledsagarbevis må kjøpa billett til seg sjølv og til ledsagar på nettet eller i billettluka. Ledsagarbillett er kun gyldig med ledsagarbevis, som må visast ved billettkontroll i billettluka.

3D:

3D-briller får ein kjøpt på kinoen, kr 100,- pr stk. Du kan kjøpa briller tilpassa born og vaksne. Brillene kan brukast på alle 3D framsyningar på Kvam kino.

Kvam kino er på Facebook

Du kan kjøpa gåvebillettar. Sjå menyen.

Kinosjef:
Mary Ann Sørheim, tlf 954 07 710